Back to all reports

Manglande brøyting av kommunal veg og parkering

Reported in the Snøbrøyting category by Elin Hallset at 20:27, søn. 31 januar 2016

Sent to Førde and Statens vegvesen region vest 3 minutes later

Førde kommune har teke over drift og vedlikehald av fellesområda i tidlegare Runnaleitet Sameige. Runnaleitet Grannelag gjennomførar vedlikehald og stell av alle grøntanlegg inklusive elvakanten på dugnad året igjennom. Vegen med sidetilkomst til eigedommane samt parkeringsplassar på fellesområde er kommunen sitt ansvar å brøyte. Tilkomstvegen til nr 3 og 5 (som også postbudet er avhengig av å nytte) og tilkomstveg/parkeringsplass ved nr 10 og 12 vert ikkje brøyta. Brøytemannskapa viser til eit kart der merkinga av desse stubbane ikkje er på plass, og viser oss vidare til kommunen. Vi ber om at kommunen snarast får retta opp desse karta slik at brøyting vert utført og bebuarane kan ta ansvar for sine eigedommar, og nøye seg med det. På førehand takk. Leiar i Runnaleitet Grannelag, Elin Hallset.

RSS feed of updates to this problem Receive email when updates are left on this problem.

Updates

  • Det vore gildt med ei tilbakemelding om at problemet er løyst før nytt snøfall gjer brøyting naudsynt. Elin Hallset.

    Posted by elin.hallset@enivest.net at 17:44, tor. 18 februar 2016

  • Still open, via questionnaire, 18:46, man. 29 februar 2016

  • Etter sist snøfall (som var ca 30 cm) vart det ikkje brøyta i gata vår i det heile.

    Posted by Elin Hallset at 18:46, man. 29 februar 2016

  • Vi har ikkje teke imot noko tilbakemelding. No har snøen slutta å falle, men vi vil likevel gjerne vite at dei som skal brøyte har fått riktige kart å brøyte etter. Burde vere ein smal sak.

    Posted by Elin Hallset at 19:25, tir. 29 mars 2016

  • ????

    Posted by Arne Fiskerstrand at 20:37, man. 11 april 2016

  • Still open, via questionnaire, 21:03, tor. 28 april 2016

  • Det burde vere ein smal sak å sjekke dette opp og gi oss eit svar, tilsvarar 2-3 telefonar. Vi ber berre om ei stadfesting på at riktige teikningar vert nytta overfor dei som sit i brøyte"bilen". Men vi masar ikkje meir før til hausten.

    Posted by Elin Hallset at 21:03, tor. 28 april 2016

Provide an update

Please note that updates are not sent to the council. Your information will only be used in accordance with our privacy policy

Next: Tell us about you

or No personal details will be stored, and you will not receive updates about this report.

Your update

Tell us about you

Do you have a FiksGataMi password?