Løst
Kommunal veg (Strandavegen): Mykje vatn i vegbana og stort hol i veg
Reported in the Annet category by Svein Helge Steinsåker at 10:57, man. 6 november 2017
Sent to Leikanger and Sogn og Fjordane 3 minutes later
Etter graving av fibergrøft tidligare i sommar/haust har det i vestre del av strandavegen (ca. ved fiber-koplingsskåp) blitt eit problem med svært mykje vatn som renn inn i Strandavegen. Vatnet fyller til tider halve vegbana og renn austover ca. 20 meter til næraste dreneringskumme. Dette vil bli eit stort problem når det vert frost. Grøfteleiet på nordsida av strandavegen ser ut til å vere tetta heilt igjen, og eg mistenkjer også at naturleg dreneringsveit i grunnen er tetta. Ber om at kommunen sjekkar dette snarast. I tillegg har det no kome eit stort hol i Strandavegen i dette området på om lag 50 ca. i diameter og djupne på ca. 20 cm. Ber kommunen sjekke om dette har samanheng med ev. tetting av grøft/drenering, slik at vatnet no grev seg nytt løp under Strandavegen. Håpar de får sett på dette før det vert problem med frost/ising.
Updates
Provide an update
Please note that updates are not sent to the council. Your information will only be used in accordance with our privacy policy