Kontakt prosjektgruppen

Du rapporterer at følgende problem er støtende, inneholder personlig informasjon eller lignende:

Saltslaps oppå rein is.

Publisert av Aagot Opheim 13:15, lør. 16 desember 2017

Her er det dårlig brøyta og ikkje strødd, men salta. Det fører til eit tildels tjukt lag med salt-snø (som potetmjøl) oppå rein is. Her skal bilane opp. Dei kjem frå Tyholtvegen og Reidulfsgata og svingar inn i Høilivegen skjenande. Mange må rygga og prøva på nytt. Dette har blitt verre med einvegskjøringa. Vil tru det handlar om at alle bilaneblir ståande å spinna på samme stad. Samtidig er det skuleveg til Strinda, Blussuvoll, Berg, Singsaker og Bispehaugen. Og arbeidsvegen for gåande og syklistar frå Tyholt til byen og frå byen til arbeidsplassane på Tyholt. Det er uoversiktleg i krysset der fem vegar møtest. Og knapt nok framkommeleg. Særleg ille sida dette då er den vegen som vart bestemt skulle vera hovedvegen oppover etter einvegskjøringsreguleringa. Sidan eg bur i Høilivegen, må eg køyra opp her. Det er skummelt kvar gonng. Redd for å skli og køyra på nokon. Det er uråd å sykla opp fordi eg blir ståande å spinna i saltgrauten. Og gå? Me sklir gjennom krysset der bilane kjem på kryss og tvers når dei ryggar og prøver å komma opp.

valgfritt

Liker ikke skjemaer?

Du kan kontakte teknisk støtte via fiksgatami@rt.nuug.no