Back to all reports

Satt opp gjerde som hindrar gåande og fører til trafikkfarleg situasjonar

Reported in the Fortau/gangstier category anonymously at 08:42, fre. 5 oktober 2018

Sent to Førde and Statens vegvesen region vest 3 minutes later

Det er sett opp eit gjerde som hindrar gåande og mjuke trafikantar å ferdast trygt på veg til barnehagane, førdehuset, klubben, skulen i området. Tidlegare har det vore mogleg å gå/trille/sykle inn på plassen framføre Løa for å unngå å gå 50 m med smal og uoversiktleg traffikert veg, samt for å sleppe å krysse vegen midt i ein bakke/kryss.

Gjerdet som er sett opp langs vegen er nok for å skille av frå vegen, det er fint, men at det er stengt i enden er uforståeleg og skapar unødvendige farlege situasjonar. Det ligg ein stein i vegen som gjer at bilar ikkje kan køyre gjennom, dersom det er årsaka. Vennlegst sjå om det er mogleg å gjere det på ein meir fornuftig måte som tek omsyn til alle som ferdast her. Her er stor mengde små i barnehagealder som går denne vegen dagleg. Det er allereie ein svært dårleg tilrettelagt veg som ikkje er dimensjonert for mjuke trafikkantar i det heile, særleg etter stor bustadvekst i området. Det er aukande mengde bilar, og mykje store maskiner grunna utbyggingar. Det er ei skandale at vegen ikkje er betre tilrettelagt med alle dei barnehagebarna og elevane som må gå denne vegen dagleg. Det ligg betringar i Førdepakken, men det er lenge til noko vert tatt tak i dessverre, i mellomtida må ein gjere det beste ut av det som er før det skjer alvorlege ulukker. Ber om at dette vert prioritert.

RSS feed of updates to this problem Receive email when updates are left on this problem.

Updates

  • Still open, via questionnaire, 12:20, fre. 2 november 2018

  • Dette er ei SVÆRT enkel sak å løyse, og eg har snakka med fleire i nabolaget som har reagert på det same. Gjerdet mot hovudveg er BRA, men å stenge i enden pressar gåande ut i hovudveg. Set opp ein port om det er slik at de av ein eller annan uforståeleg grunn må stenge av i enden. Vi vil ha tryggast mogleg vegar for våre små, slik det er blitt no nyleg er det blitt mykje farlegare å ferdast langs vegen i området. Det er også ekkelt for sjåførar. Og det vert verre når vinteren kjem og brøytekantar gjer det endå smalare.

    Posted anonymously at 12:20, fre. 2 november 2018

Provide an update

Please note that updates are not sent to the council. Your information will only be used in accordance with our privacy policy

Next: Tell us about you

or No personal details will be stored, and you will not receive updates about this report.

Your update

Tell us about you

Do you have a FiksGataMi password?