Back to all reports

Feilskilting: Innkjøring forbudt

Reported in the Sykkelveier category by K B at 10:05, ons. 23 september 2020

Sent to Bergen and Statens vegvesen region vest 5 minutes later

FORSLAG TIL UTBETRING: Heng opp eit unntak-for-sykkel-skilt under innkøyring-forbode-skiltet i dette krysset, slik at det er tydeleg at syklar har lov til å sykle på den skilta sykkelruta.

BAKGRUNN: Det er skilta sykkelveg frå Frydenbølien og inn Gabriel Tischendorfs vei. Men i samband med vegarbeid er dette krysset midlertidig opna for busstrafikk. Det er sett opp innkøyring forbode-skilt her for å stoppe bilar og motorsyklar.

Eit problem eg ikkje har tenkt på før i dag er at dette skiltet råkar også syklistar som syklar på sykkelvegen, fordi det ikkje er lagt til eit unntaksskilt nedanfor.

Det burde jo ikkje vere eit problem sidan sykkelvegen så openbart er skilta gjennom dette krysset, men i dag tidleg (med to små ungar i sykkelvogn på veg til barnehagen) køyrte ein mann bilen sin rett i fronten på sykkelen min for å blokkere vegen for meg. Han hadde hatt ein dårleg morgon, var illsint og skulle politimelde meg fordi eg sykla langs G Tischedorfs vei og hadde sykla forbi eit innkøyring forbode-skilt. Han meinte dette var livsfarleg. Og sett vekk frå at mannen openbart ikkje var heilt stabil har han vel for så vidt rett i at eg formelt sett braut vegtrafikklova ved å sykle mot dette skiltet. Og det er jo ganske dumt sidan det jo er her sykkelvegen går... Så kor skal eg eigentleg sykle for å unngå at illsinte menn skjeller meg ut framfor ungane mine?

RSS feed of updates to this problem Receive email when updates are left on this problem.

Updates

  • La inn bilde og synst det er pinleg at eg skal måtte be om at de brukar tid og ressursar på dette, men eg håpar de kan følgje det opp.

    Posted anonymously at 10:08, ons. 23 september 2020

  • Tusen takk for rask og positiv tilbakemelding!

    Eg ser at det no er sett opp tilsvarande innkøyring-forbode-skilt i krysset mellom G Tischendorfs gate og Voldene, nærare Kiwi-butikken. Det bør sikkert henge unntaksskilt på desse også.

    Posted anonymously at 09:37, tor. 24 september 2020

Provide an update

Please note that updates are not sent to the council. Your information will only be used in accordance with our privacy policy

Next: Tell us about you

or No personal details will be stored, and you will not receive updates about this report.

Your update

Tell us about you

Do you have a FiksGataMi password?